Velkommen til Sotra SK sitt klubbhåndbok

Sotra Handballklubb er organisert som eit særidrettslag og har vedteke å følgje NIFs lov for idrettslag. Dette inneber at alt arbeid i klubben skal vere prega av frivillig innsats, demokrati, lojalitet og likeverd.  Klubben blir leia av frivillige personar, valde av årsmøtet, til å sitje i styret. Alle arrangement og anna aktivitet, trenarar og andre nøkkelroller er dugnadsinnsats frå driftige foreldre.  Det skal vere kjekt og givande å vere engasjert i Sotra Handballklubb – på trening, på kamp, i styret, i kiosken og med gul vest i hallen ein ettermiddag.  I undermenyane finn du meir informasjon om rollebeskrivingar og funksjonar i klubben. Dette skal gi eit innblikk i kva det betyr å vere engasjert i Sotra Håndball – borna veks til, og det vil alltid vere ei naturleg utskifting i klubbdrifta. Terskelen skal vere låg for å ta over stafettpinnen